Aspirantseminar


ASPIRANTSEMINAR

 

Hjarteleg velkomne til aspirantseminar! 

I tillegg til aspirantseminaret er det solistkonkurranse på Manger skule og i kinosalen her på gamle rådhuset. Det er samstundes konkurranse for juniorkorps og skulekorps i Radøyhallen.

Kl.18.00 blir det festkonsert i Radøyhallen med aspirantane og Manger musikklag.

All undervisning foregår på Manger folkehøgskule. I pausane skal aspirantane vera i formannskapssalen på gamle rådhuset ved sida av folkehøgskulen. Her kan dei vaksne opphalde seg under seminaret, og det blir mogleg å kjøpe litt å ete og drikke.


Program for dagen

9.30-10.00: opprop og inndeling i grupper, før alle går med instruktør til undervisningslokalet


Frå 10.00-13.30: Undervisning med innlagde pausar der det blir servert saft, frukt og baguett med ost og skinke. Undervisninga går føre seg i grupper på folkehøgskulen.


ca 13.45: Me gjer oss klar til kino, dei vaksne tek evt instrumenta i bilen.


KL.14.00-15.30: GRATIS filmframsyning i kinosalen for alle aspirantane som har lyst. Ta med kinosnop om du vil. VIKTIG: Gje melding til aspirantleiar om du ikkje skal på kino.


Ca Kl. 15.30: Kinogjengen følgjast ned til ungdomsskulen for å ete, skifte klede, do-gåing ++


Kl 17.15: konsertklar med instrument i Radøyhallen. Generalprøve kl.17.30


Kl 18.00: FESTKONSERT med Manger Musikklag og alle aspirantane


Konserten kostar 200,- for vaksne, og 100,- for born under 12 år. Konserten er sjølvsagt gratis for aspirantane.


Baguettar, frukt og saft er gratis under aspirantseminaret. Det vil og vera høve til å kjøpe anna mat og drikke om ein ynskjer dette.


Me gler oss til ein kjekk dag saman!